For nokre helger sidan var vi i lag med dei andre internasjonale på tur til Cambridge! UEA har ein del turer som me kan melde oss på gjennom året og eventyrlystne som me er så prøver vi såklart å få med oss mest mulig. Cambridge har for begge oss to vore ein draumeplass å studere og det var difor veldig stas å ta turen dit. Som sagt er Cambridge verkelig ein plass for dei kule og når me gjekk der og såg på alle dei forskjellige skulebygga trur eg at både eg og Oda vart litt misunnelige i forhold til det litt meir `fabrikkliknande`universitetet vårt i Norwich. Cambridge var heilt fantastisk flott med nydelige bygningar, eit koselig marked og ein gigantisk katedral. Me hadde veldig lyst til å besøke eit college for å sjå korleis studentane der budde, men akkurat denne dagen var det tydligvis ein eksamensfest så det gjekk ikkje. Kjipt! Været var heller ikkje med oss denne dagen med både vind og regn, så litt sure miner vart det.
Heldigvis gjorde litt varm kaffi susen og humøret vart til og med enda betre da me fekk gå inn i katedralen som vart heilt ubeskrivelig fin. Alt i alt ein bra dag, men eg trur at dersom me verkelig skal få eit inntrykk av Cambridge så må me tilbake, og det skal me. Det er framleis veldig mykje å sjå der.
Snart blir det bilder frå London! Cheers!
Vakre Cambridge
Katedralen
Kvart College hadde eigen portvakt
Ut på tur, aldri sur
Været var ikkje heilt perfekt for å prøve ein av desse
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar